Ei politisk herkulesoppgåve

Share Button

plataforma-1376971-mAv Rune Skarstein
Artikkelen er tidligere trykt i Klassekampens spalte «Kron og mynt» 20.8.2014

FNs klimapanel (IPCC) konkluderer at dersom utsleppa av andre klimagassar ikkje blir reduserte, må dei akkumulerte globale utsleppa av CO2 bli på maksimalt 2900 milliardar tonn for at den globale temperaturstigninga («med 66 prosent sannsyn») blir på maksimalt 2oC. Det inneber at dei akkumulerte utsleppa etter 2011 må avgrensast til 865 milliardar tonn. Med noverande årlege utslepp betyr det 25 år til og deretter full stopp for utslepp frå forbrenning av kol, olje og naturgass i år 2036.

USAs Energy Information Administration (EIA) rapporterer at påviste og utvinnbare («proved») reservar av kol, olje og gass er på totalt over 980 milliardar tonn oljeekvivalentar. Forbrenning av desse enorme mengdene ville resultere i 3175 milliardar tonn CO2, dvs. nær 60 prosent større CO2-utslepp enn dei totale globale utsleppa fram til 2011, som var på ca. 2035 milliardar tonn. Det ville føre til ein dramatisk klimakatastrofe som kunne gjere menneskeleg liv på denne kloden umuleg.
Sjølv om all forbrenning av kol skulle stoppe i 2014, vil utsleppa frå olje og gass langt overskride den maksimale grensa (865 milliardar tonn) definert av IPCC. Men trass i åtvaringane frå IPCC og ei rekkje andre forskarar, held olje-, gass-, og kolselskapa fram å produsere og investere i auka utvinning.
Det finst berre eit middel som kan hindre klimakrisa og berge livsmiljøet for komande generasjonar, nemleg ein rask reduksjon og i løpet av få år avvikling av nesten all produksjon av fossile brennstoff. For berre redusert produksjon vil føre til redusert forbruk. Landa som først industrialiserte, har eit tungt historisk ansvar for å få ned CO2-utsleppa. I 2010 sto USA og EU(27) for nær 40 prosent av dei historisk akkumulerte globale utsleppa av klimagassar og nær 50 prosent av CO2-utsleppa sidan 1850, men dei hadde berre 11,9 prosent av verdas befolkning. Endå verre er det at dette misforholdet ikkje berre varer ved, men blir forsterka. I 2010 hadde USA framleis verdas største utslepp pr. capita, heile 3,9 gongar verdsgjennomsnittet. Utsleppa i OECD-landa totalt var nær 2,3 gongar det globale gjennomsnittet, medan EU(27) sto for vel 1,6 gongar gjennomsnittet.
Det er også verdt å merke seg at det rike olje- og vasskraftlandet Norge hadde utslepp pr. capita på 1,8 gongar det globale gjennomsnittet. Utsleppa pr. capita i Norge var større enn til dømes i Storbritannia, Frankrike og Kina, og nær 9 gongar større enn gjennomsnittet for Afrika.
Men Europa og USA vegrar seg mot si moralske plikt til å ta dei største byrdene ved å gjere slutt på fossilismen. Her står dei politiske elitane overfor ei herkulesoppgåve som gjer klimatiltaka hittil ynkelege. På litt sikt blir konsekvensane av å ture fram som no katastrofale og kostnadene enorme. Men politikarane og miljørørsla må ha mot til å seie frå om at også avskaffinga av fossilismen vil ha store kostnader i form av redusert privat velstand, ikkje minst når det gjeld mobilitet for menneske og varer. Dei må slutte med sine forsøk på å innbille befolkninga at det finst ein smertefri veg bort frå fossilismen.
Slik dei kapitalistiske økonomiane fungerer, er sannsynlegvis innføring av ei høg og raskt aukande produksjonsavgift på fossile brennstoff, proporsjonert etter karboninnhaldet, det einaste tiltaket som kan få ned CO2-utsleppa tidsnok og føre til at det «karbonnøytrale samfunnet», blir meir enn politisk retorikk. Den vil raskt føre til avvikling av marginale felt, lågare produksjon, stans i fossilinvesteringar, høgare prisar og lågare etterspørsel for fossile brennstoff. Nettopp ei slik avgift, ei «karbonavgift til fordeling», kravd inn ved produksjonspunktet (evt. ved landegrensa) har den framståande klimaforskaren James Hansen foreslått. Eit viktig aspekt ved Hansens forslag er at avgifta skal delast ut likt pr. capita i befolkninga og ikkje gå inn i statens skatteinntekter. Dermed vil denne avgifta føre til ei sterk omfordeling frå dei rike til dei fattige og hindre at einskilde industriar eller befolkningsgrupper blir gratispassasjerar. For Norge vil eit eksemplarisk førebod vere einsidig reduksjon av oljeproduksjonen. Forskarar i Statistisk Sentralbyrå har nemleg estimert at for kvar prosent norsk oljeproduksjon blir redusert, vil dei globale CO2-utsleppa bli reduserte med om lag ein million tonn pr. år.
Rune Skarstein er førsteamanuensis i sosialøkonomi ved NTNU

Share Button

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *