Tidlegare trykt i Klassekampens spalte “Kron og mynt” 24.9.2014
Nyleg kom endå ein klimarapport bestilt av FN, med tittelen «The New Climate Economy Report 2014». Hovudbodskapen er ei lise for kapitalismens apologetar: «Lågkarbon og klimavennleg vekst er muleg. … Dei neste 10–15 åra kan bli ein æra med stort framsteg og vekst.» Overgangen frå den fossilavhengige økonomien til «lågkarbonøkonomien» skal bli profitabel og vekstfremjande.
Det må vere minst 30 år sidan første gong denne gladmeldinga vart spreidd. Når det er så lønnsamt å avskaffe bruk av fossil energi, må ein spørje kvifor fossile brennstoff har utgjort stabilt over 80 prosent av verdas samla energiforbruk dei siste 30 åra. I denne perioden har vasskraft representert ca. 2 prosent av samla energiforbruk, medan vindmøller har auka sin del frå mikroskopiske 0,2 til 0,4 prosent.
Rapporten minner om at det globale energiforbruket har auka med over 50 prosent sidan 1990 og, ifølgje OECD sin prognose, vil auke med nye 80 prosent fram til 2050. I staden for å problematisere korleis denne prognosen kan bli realitet samtidig med kraftig reduserte CO2-utslepp, nøyer rapporten seg med lausprat: Dette «… vil vere muleg berre med radikalt nye næringsmodellar, produkt og produksjonsmiddel».
Vekst krev stål
Vekstprofetane sin uløyste floke er at økonomisk vekst ikkje berre er vekst i eit pengemål, men også inneber vekst i forbruk av materielle ressursar. La meg, for å illustrere problemet sine dimensjonar, ta produksjonen av stål som døme. Dette metallet er ein nøkkelingrediens i den økonomiske veksten. Stål blir brukt i alskens konstruksjonar, som husvære, kontorbygningar, jernbaner, bruer, bilar, skip, hamneanlegg osv., for ikkje å snakke om militærsektoren, men også i konstruksjonar for produksjon av fornybar energi, som vasskraftverk og vindmøller. Trass i den økonomiske krisa har verdas stålproduksjon auka med 3 prosent per år dei siste seks åra og nådde 1607 millionar tonn i 2013. (I tillegg til denne netto produksjonen vart ca. 460 millionar tonn stål resirkulert per år.)
For produksjon av stål trengst det sjølvsagt jernmalm, men også enorme mengder energi. Med dei mest moderne metodane går det i gjennomsnitt ca. 5,5 megawattimar (MWh) til produksjonen av eitt tonn stål. Til produksjonen av 1607 millionar tonn stål vart det følgjeleg brukt ca. 8.840 millionar MWh eller 8.840 terawattimar (TWh). Den norske elektrisitetsproduksjonen basert på vasskraft er ca. 130 TWh per år. Det betyr at med norsk vasskraft ville det ha teke 68 år å produsere den mengda stål som vart produsert globalt i det eine året 2013!
Enorme mengder stål krev enorme mengder energi
Ca. 70 prosent av verdas stålproduksjon er i dag basert på brenning av steinkol/koks. (I Kina er det 85 prosent.) Kol står med andre ord for 6180 TWh energi i den globale produksjonen av stål. Noko alternativ til denne enorme energimengda basert på steinkol er ikkje i sikte. Globalt er vasskraft ein knapp ressurs som det tek lang tid å bygge ut. IEA reknar med at i 2035 kan verdas produksjon av vasskraft nå 5677 TWh per år, medan vindkraft i beste fall kan nå 2680 TWh. Med andre ord: I år 2035 ville (i beste fall) 74 prosent av all vass- og vindkraft vere naudsynt for å erstatte bruken av kol i dagens produksjon av stål. Her blir bygging av solpanel som ein drope i havet. Dersom utvinninga av olje og gass ikkje skal auke, står vi igjen med atomkraft i kolossale mengder som einaste alternativ. Men der er FN-rapporten taus.
FN-rapporten sviktar totalt når det gjeld å vise samanhengen mellom økonomisk vekst og forbruk av materielle ressursar, inklusive energi. I staden for å klargjere denne samanhengen snakkar dei i store ordelag om «finansiering» (som om det er problemet!), om «innovasjonar» (som rein alkymi) og «transformasjon» (som abstraksjon). Slike rapportar tener til å skjønnmale situasjonen. Dei representerer ein slags sjølvsuggesjon for å sikre dei herskande elitane sin nattesøvn.
Karbonavgift til fordeling
Skal klimakrisa bli avverja, må CO2-utsleppa bli reduserte raskt og effektivt. Den framståande klimaforskaren James Hansen foreslår ei høg og aukande karbonavgift i sjølve produksjonen (evt. importen) av fossile brennstoff, som så skal delast ut likt per capita i befolkninga. Ei slik produksjonsavgift, som vil gjere det noverande kaoset av forbruksavgifter overflødig, synest å vere den einaste farbare vegen. Derfor fortener ho å bli diskutert i detalj.
Rune Skarstein er førsteamanuensis i sosialøkonomi ved NTNU