Klimasviket

Share Button

Trass alle intensjonane har dei globale utsleppa auka stadig raskare

Rune Skartstein, NTNUAv Rune Skarstein
Trykt i Klassekampen 12. februar 2020

Klimaendringar grunna utslepp av drivhusgassar var grundig påviste alt under Rio-konferansen i 1992. Derfor vart det der vedteke å opprette eit nytt FN-organ, Klimakonvensjonen, UNFCCC, sett i verk i mars 1994. UNFCCC skulle ha som oppgåve å «hindre farlege menneskeskapte inngrep i klimasystemet». Alle seinare «klimatoppmøte» i FN-regi er oppfølgingar av denne konvensjonen.

I Kyoto (1997) vart industrilanda inklusive Norge samde om at dei fram til 2012 skulle redusere utsleppa av klimagassar med fem prosent i forhold til nivået i 1990. Dessutan var det semje om periodisk rapportering som peikepinn på realisering av utsleppsmål. Toppmøtet i Cancun (2010) vedtok togradarsmålet. På konferansen i Doha (2012) sette deltakarlanda som mål at i perioden 2013–2020 skulle utslepp av klimagassar bli reduserte med 18 prosent under nivået i 1990. I Parisavtalen (2015) vart togradarsmålet innskjerpa til «godt under to grader», og 1,5-gradersmålet kom på banen.

Trass i desse intensjonane har dei globale utsleppa av drivhusgassar auka stadig raskare. Rett nok har utsleppa av den svært klimaskadelege metan (CH4) hittil vist ein moderat vekst. I perioden 2000–2018 auka derimot dei globale utsleppa av CO2 relatert til forbrenning av fossile brennstoff med 44 prosent, frå 23 til 33 milliardar tonn per år. (I tillegg kjem cirka 1,5 milliardar tonn frå sementproduksjon.) Globalt utgjer CO2 nær 80 prosent av totale utslepp av klimagassar. I Norge var utsleppa av CO2 24 prosent høgre i 2018 enn i 1990, og CO2 utgjorde 84 prosent av dei totale utsleppa av klimagassar. Dei store og raskt aukande utsleppa av CO2 frå fossile brennstoff er den dominerande faktoren bak klimaendringa.

Det er den akkumulerte opphopinga av CO2 i atmosfæren, ikkje dei årlege netto utsleppa i seg sjølv, som skaper global oppvarming. Politikarane sine stadige fråsegner om at «vi» er på rett veg ved at «utsleppa går ned» er derfor både usanne og sterkt villeiande. For sjølv om dei positive netto utsleppa blir reduserte, bidreg dei til auka opphoping av CO2 i atmosfæren og dermed til framtidig temperaturstiging.

I 2018 vart årsgjennomsnittet av CO2 i atmosfæren målt til rekordhøge 407 delar per million. Det er nær 50 prosent over det førindustrielle nivået rundt 1750 og det høgste i dei siste 800.000 åra. Ein geologisk epoke med uvanleg stabilt klima i minst 8000 år synest å vere forbi.

Den framståande klimaforskaren Peter Wadhams konkluderer: «Det er altfor sannsynleg» at det høge karbonnivået i atmosfæren «vil føre til ei raskare oppvarming enn nokon gong før i Jordas historie». Erfaringane dei siste 20 åra gir likevel liten grunn til å tru på politikarar som lovar 50 prosent utsleppskutt fram til 2030. Oppgåva er så stor og så vanskeleg at makthavarane tyr til ein «klimapolitikk» prega av retorisk skjønnmåling og taskenspel. Dette står i kontrast til mengda av forslag til ein effektiv klimapolitikk.

Miljødirektoratet sin rapport «Klimakur 2030» føreslår heile 60 ulike «tiltak» i alle sektorar av den ikkje-kvotepliktige delen av økonomien. Rapporten viser at det er mogleg å redusere utsleppa av klimagassar med 50 prosent innan 2030. Men å gjennomføre eit så bredt spekter av tiltak vil krevje omfattande byråkratisk arbeid og oppsyn. At Norge er ein oljenasjon er kanskje grunnen til at CO2 frå fossile brennstoff ikkje blir spesielt framheva. Rett nok peikar rapporten på at «en forpliktende opptrappingsplan for CO2-avgiften … vil gi viktig drahjelp til en rekke tiltak», men legg elles ikkje spesiell vekt på ei slik avgift.

Allereie tittelen på rapporten levert til den tyske regjeringa i juli 2019, «Opsjonar for ei CO2-prisreform», signaliserer ein skarp kontrast til den norske tilnærmingsmåten.

Her blir det lagt vekt på at grunnproblemet er fossile brennstoff som skaper den langt største delen av drivhusgassane og er ein sentral energiberar i nær alle sektorar. Særleg olje og gass er relativt billege, lette å transportere og fleksible i bruk. For å få ned forbruket må prisen på fossile brennstoff raskt opp. Forfattarane av rapporten foreslår ei sterkt aukande CO2-avgift på forbruket, kombinert med karbontoll på import frå land utan avgift. Av fordelingsgrunnar foreslår dei at denne avgifta ikkje skal vere ein skatt, men bli betalt tilbake til befolkninga likt per innbyggar, som ei «klimadividende».

Artikkelen er gjengitt med tillatelse fra forfatteren og Klassekampen

Share Button